Dalsmarken 2018

Dalen 22 - 23 juni 2018 - T: 99 50 38 80

 

 

I desse dagar møtest folk til tradisjonsrike markensdagar på Dalen i Vest- Telemark endå ein gong. Me manglar skriftlege kjeldur som kan fortelje oss når Dalsmarken tok til, men det er ikkje umogeleg anna enn at han førast attende til 1700- talet. Soleis kjenner me til at Dalen vert umtala som eit senter i samband med utskriving av hest til hæren i 1711. Kor årvisst dette var, veit me ikkje i dag, men kjem me derimot utyver på 1800- talet, er Dalsmarken årviss. På den tid var det korkje plakatur eller kunngjeringar. Folk og dyr møtte likevel upp i mengdevis.

 

I 1934 fastsette Landbruksdepartementet at hestestemna på Dalen skulle leggjast til 20. juni, eller 21. juni, um den fyrste fall på sundag. Slik var det fram til 1967 då det verkeleg store hamskiftet i soga til Dalsmarken kom. Markensplassen vart flutt frå hestelykkja ute på Tangane og upp til Tokke skule og samfunnshus. Traktoren og tilhøyrande landbruksreiskapar avløyste hesten og den gamle driftsmåten. Siste hesten vart seld same året. Marken vart utvida med ein dag til. Utstillingar av mange slag kom til, og salsbodene auka år for år. Gamlekarane fylgde nok med, men truleg sakna dei den gamle markensstemningi. Mange av dei gamle vart blanke i augo når dei hugsa attende på markensdagane i farne år. I forteljingane vart truleg Blakken og Brunen både blankare, sterkare og feitare enn han røynleg var. Sjølv er eg gamal nok til å hugse litt av det gamle folkelivet på Dalsmarken der hestar bytte eigar etter lange akkederingar og kaupsskål vart drukke.


Dalsmarken i 1950- åri var nok likevel som ein skugge mot det som det ein gong var. Det var etterleivingane som livde. Og um eg ikkje nettupp kan hugse at det blinka i blanke knivar, så hugsar eg blanke flaskur som gjekk på umgang under hengjebjørkane på lykkja.
Men Dalsmarken var noko meir enn hestehandel og hestebyte. Det var eit frodig og mangfaldig folkeliv som kunne gjeva seg mange utslag. So mangt kunne handlast med, og for mange var det eit kjærkome avbrot frå slitet og strevet i kvardagen. Sume kjende hug til å prøve kreftene sine med andre. Ein og annan ungkaren drøymde kan hende um å møte henne han skulle dela livet med.
Men um tidene, menneski og tradisjonane skifter, so er det noko som alltid vil vera likt: I spenningsfeltet millom det gamle og nye, det kjende og ukjende, hender det alltid noko spanande. Stundom vert det geniale til då. Når fjøllmennar og utmennar frå mange bygder i Telemark møttest med vestlendingar og setesdølar, var det eit møte millom folk med ulike tradisjonar og kulturbakgrunn. Men folk med opne sansar og lærehug vil alltid lære noko der dei ferdast. Mange fekk nye impulsar, noko nytt å taka med heimatt, noko som kunne formast um slik at det høvde inn i heimbygdi sin kultur.

 

I den ljose sumarnotti klang det i einslege felur, utomhus og innomhus. Under ei stor hengjebjørk sat ein kvedar og kvad visune sine. Ein tilhøyrarhop stod kringum og lydde. Ein og annan ungguten stol seg til å lyde. Her var ei ny vise, her var ein ukjend slått. Særleg setesdølane var glade i song og stev. Her var det mogeleg å fange upp nye tonar og tekstir. Spilemannen frå Setesdal kunne taka med austmannslåttar heim att. Kanskje laut han skapa dei um noko, slik at at dei fekk den rette snerten i takt og rytme slik meisterdansaren heime ville hava det.
I det heile var markensplassane rundt um i landet viktige møteplassar for kunst og kultur. Til alle tider hev det vore viktig for menneski å få inntrykk utanfrå. Samkvemet med andre menneske utvida horisonten og gav mange eit romslegare menneskesyn og mindre dømehug.
Det er um dette A. O. Vinje hev funne dei rette ordi:

 

Den mann som alltid heime låg
og ikkje livsens lagnad såg,
han aldri såg det beste, han,
men vart ein mann
som dømde ilt um folk og land.

 

Ogso i dag møtest folk frå nord og sud, frå aust og vest, til markensdagar her inne millom fjelli i Vest- Telemark. Dalsmarken hev då ogso mykje å bjode fram. Her er landbruksreiskap og salsboder av mange slag. Husflidslaget hev si årvisse husflidsutstilling, og bygdekvinnelaget er like trufaste som før med si utstilling. Her er tilbod i mengdevis for både ung og gamal.
Dei ti lokale lagi som i dag stend som tilskiparar av Dalsmarken, ser verdien i å taka vare på ein gamal tradisjon. Um tidene og skikkane endrar seg, so er likevel menneski dei same på botnen.

 

Arne T. Aabø

Vi har 17 gjester og ingen medlemmer på besøk.